Vestsio

Vestsio er ein av tre avdelingar på Hus 1 og har barn i alderen 0-6 år. Avdelinga ligg fint til ved inngangen til skogen vår, og me har god tilgang til flott leikeområde både innanfor og utanfor gjerdet.

På Vestsio likar me oss ute og bruker uteområdet til barnehagen og nærmiljøet rundt oss både til fots og med bilane våre. Me har faste turgrupper og legg til rette for kortare og lengre turar tilpassa barnegruppa. Barna skal få oppleve motivasjon, røyrsleglede og mestring ut i frå eigne forutsetningar.

I løpet av barnehagedagen deler me barna i mindre grupper der me legg opp til aktivitetar tilpassa barnegruppa. Me har fokus på at alle barn skal kjenna seg trygge, ha nokon å vera med og at barnehagen er ein god plass å vera. Me legg opp til aktivitetar knytt til dei ulike fagområda, på avdelinga har me særskilt fokus på sosial kompetanse, språk og den gode leiken.

Kvar onsdag er 4 åringane på kor, og tysdag og torsdag er 5 åringane på skulespira. Annakvar onsdag er med på lesestund på biblioteket. Ellers fyller me dagane med leik i tårnet, språk og spelegrupper, lesegrupper, forskarfabrikken, sanseleik, formingsaktivitetar, leikegrupper og liknande.

På Vestsio er me opptekne av å vera tydelege og varme omsorgspersonar. Fokus på det enkelte barn er det aller viktigaste, og i kvardagens mange små og store utfordringar kan mykje løysast med godt humør og trygge og varme vaksne. Dette trur me smittar over på barna, og gjev dei eit godt utgangspunkt for leik og læring!

Personvern og cookies