Stubben

Stubben er ei avdeling med born i aldersgruppa 0-6 år. 3 dagar i veka har me felles aktivitetar med Konglo, der me deler bornegruppene inn etter alder, og tilrettelegg aktivitetane utfrå alder og modning til borna. Me ynskjer at borna skal få utfalda seg og oppleva meistring.

Me er mykje ute på Stubben. Ungane likar å vera utandørs, ver og vind betyr lite. Ofte er me på tur i nærleiken av barnehagen, i skogen, på fotballbanen, til hus 1 eller litt lengre turar. Nokre dagar er me så heldige at me kan køyra på lengre turar med bilane våre.

For dei som skal byrje på skulen neste haust er det “Skolespira” to gonger i veka. Me har valgt å dele skolespira i tre, ei gruppe som går på tur, ei gruppe som har tema-aktivitetar i skogen, og ei gruppe som har litt skuleførebuande aktivitetar i tårnet. Elles er me opptekne av at alle skal ha det bra i barnehagen, vere trygge og ha nokon å vere saman med. Dei vaksne har som målsetjing at dei kvar dag skal ha sett alle borna, og me ynskjer at både små og store skal gå heim og gle seg til neste dag!

 

 

Personvern