Sørsio

Sørsio er ein avdeling med 20 barn i alderen 0-6 år. Me har fire barn på Skulespira dette året,dei går der kvar tysdag og torsdag. Me deler barna i grupper etter alder og modning deler av dagen, og er bevisste på at alle skal få vera med på turar og aktivitetar som passar den enkelte.

Samling med song, høgtlesing, eventyr og samtale har me mest kvar dag. Me går fast på besøk på Sjukeheimen og på lesestund på biblioteket.

Me nyttar tårnet på Hus 2, Forskerfabrikken og den kjekke skogen bak barnehagen.

Me er mykje ute på leikeplassen eller på tur. Det kan vera tur inn mot Fet, eller rundt Humpetitten. Leikeplassen på Hus 2 eller fotballbanen kan me gå  til når me vil.

Personalet på Sørsio har lang og god erfaring. Alle er opptatt av å gje barna ein god dag, – trygghet, omsorg, opplevingar med barnet og leiken i sentrum.

Personvern