Lyngen

Lyngen er nede på det grå huset, Hus 2, og er naboavdelinga til Brakjen. Me har barn i alderen 0-6 år på avdelingen.

Me vel å dele barnegruppa etter alder/utvikling store deler av dagen, og driv då med aktivitetar slik at alle barn skal få oppleva utfordringar og meistringar tilpassa kvar enkelt. Der me prøver å leggje til rette for kvart enkelt barn.  Me ønske å gi barna noko å strekke seg etter, og legger til rette for det i trygge rammer.

På Lyngen legg me stor vekt på å vera ute, både på vårt uteområde, skogen og nærmiljøet til barnehagen. Gjennom uteaktiviterar som tur, klatring og utforskning i blant anna skogen får barna stimulert grovmotorikken. Me er på bibliotek- og sjukeheimsbesøk, som me og dei gamle setter utrulig stor pris på.

Me har også fokus på eit sunt og variert kosthold, og har matlaging kvar fredag, der lager barna saman med de vaksne ulike bakverk og middagar.

Espira Salamonskogen er ein Forskerfabrikk barnehage, og me har ulike forsøk i lag med barn. Der lar me barna få undra og filosofera saman med oss vaksne samt lære ulike ting.

Elles fyller me dagane med leik i tårnet, sosial kompetanse gruppe, språk og spelegrupper, lesegrupper, formingsaktivitetar.

Me på Lyngen er veldig opptatt å vera tydelege vaksne og gode omsorgspersoner. Me har fokus på å sjå og høyra på kvart enkelt barn. Me har fokus på leiken, sidan leiken er barnas viktigaste læringsarena. Og sist men ikkje minst så er Lyngen ein avdeling med mykje humor og smilet er aldri langt unna!!!

 

Personvern