Konglo

Barnegruppa på Konglo er i alderen 0-6 år. Me vel å dele barnegruppa etter alder/modning deler av dagen, og driv då med aktivitetar der me prøver å leggje til rette for at kvart enkelt barn skal få oppleve både utfordringar og meistring. Alle skal ha noko å strekkje seg etter – innan trygge rammer. Me jobbar mykje med barnehagen sine satsingsområde, som er språk, bevegelse og realfag.

For dei som skal byrje på skulen neste haust er det «Skulespira» to gonger i veka. Her er borna delt inn etter skulekrinsane, og jobbar med skuleførebuande aktivitetar. Det er eit mål at dei skal bli mest mogleg sjølvstendige før skulestart.

Barnehagen har eit eige barnehagekor der alle 4-åringane i barnehagen er med. Det er svært populært å vere med på kor-øving kvar onsdag.

Elles er me opptekne av at alle skal ha det bra i barnehagen, vere trygge og ha nokon å vere saman med. Dei vaksne har som målsetjing at dei kvar dag skal ha sett alle borna, og me ynskjer at både små og store skal gå heim og gle seg til neste dag!

Personvern og cookies