Brakjen

På Brakjen er me 19 born i alderen 1 til 6 år og fem faste vaksne. Kvar morgon delar me gruppa etter alder og har samling i aldersgruppene. Samlingane inneheld alt frå song, eventyr, temasamling eller miljøsamling. Samtidig gir me barna informasjon om kva som skal skje i løpet av dagen, slik at dei får forutsigbare dagar hos oss.

Me er veldig glad i tur og friluftsliv, og me er på tur så ofte me kan. Me er flittige brukarar av gapahuken og det er her me likar oss best! Her finn barna eit variert miljø med mange utfordringar både for dei minste og dei større barna. I naturen får barna den motoriske stimulien dei treng, samtidig som me kan filosofere over kvifor blada på trea blir gule og visnar eller kvifor haren vert kvit om vinteren. Me fyrer gjerne opp bålet og et dagens lunsj/middag her ute.

Den frie leiken er viktig for oss på Brakjen, og me arbeider for at barna skal oppleve tryggleik, omsorg og utvikling hos oss.

 

Personvern og cookies