
|
Velkommen til Nordsio |
Nordsio er ein avdeling med 19 barn frå 0 - 6 år.
Dette året har avdelinga ei lita 5-års gruppe, ei stor gruppe med 3 og 4 åringar, ei lita gruppe med 2-åringar og ei stor gruppe 1-åringar.
Me har morgonsamling kvar dag, oftast delt i grupper etter alder. Då har me om Månadens tema,
miljøsamling, Steg for steg, songar og forteljingar.
Kvar tysdag og torsdag er det 5-års klubb for alle 5-åringane i Salamonskogen, oppstart i september.
Onsdagen er alle 4-åringane på huset samla til Dans& drama.
Mandagar og torsdagar er faste turdagar. Me nyttar det flotte turområdet rundt barnehagen, og av og til brukar me barnehagen sine bilar for å komma oss litt lengre vekk, prøva litt andre turmål. Eindel av turane blir ilagmed andre avdelingar, mest Vestsio og Sørsio.
Dei minste barna blir for det meste i barnehagen, men får vera med på "tur" til det andre huset og "rundt Humpetitten".
|
|