
|
Velkommen til Sørsio |
Avdelinga har 20 barn. Me har ei lita gruppe med store barn dette året, ei stor mellomgruppe med 2 og 3-åringar og ei lita gruppe med 1-åringar.
Kvar mandag er me i tårnet i det andre huset med mellomgruppa. Der leikar me med puter, har songleikar osv. Me nyttar skogen fast ilagmed ein anna avdeling. Me lagar mat og leikar ilag. Kjekt å bli kjende med barn frå andre avdelingar! Me går og på besøk til uteleikeplassen ved det andre huset. Annakvar veke
går me tur med dei store ilagmed Vestsio. Me går og på turar i grupper, t.d. rundt "Hompetitten" og i marka.
Tirsdag og torsdag er det 5-års klubb. Onsdagen er det dans/ drama for alle 4-åringane på huset. Fredagen har me felles songsamling for heile barnehagen ved Salamonborga eller i tårnet.
Me har morgonsamling kvar dag, felles eller i grupper etter alder. Det kan vera temasamlingar ut frå månadsplanen, steg for steg ,miljøsamlingar eller song, eventyr, rim og regler. Me har og språkgrupper der me spelar spel, les bøker og har språkleikar.
Me vil at Sørsio skal vera prega av omsorg og tryggleik med barnet og leiken i sentrum.