Om avdelingen:

Kontakt info.:

Espira Salamonskogen barnehage
5430 BREMNES

Send epost

Velkommen til Lyngen 

På Lyngen har me i år 24 born i alderen 0 - 6 år, og me er tilsaman 6 vaksne som jobbar på avdelinga.


Lyngen er ein avdeling der godt humør blant born og vaksne pregar kvardagen. Me ynskjer at kvar enkelt, både born og vaksne, skal ha ein god og trygg kvardag.
Me  legg vekt på at dagane skal vere innhaldsrike for kvar einskild av borna. Alle skal kjenne på at dei har vener å leike med, og at dei trivs på Lyngen. Leik og aktivitetar organiserer me ofte i små leikegrupper, med eit mål om at dei skal bli kjende med kvarandre uavhengig av alder og det dei ynskjer å leike med. Me synest det er svært viktig at borna skal lære seg å  samhandle med andre born på ein god måte, og dette får dei god erfaring med gjennom desse leikegruppene som me har kvar tirsdag, torsdag og fredag.

Me kjem til å ta føre oss Alf Prøysen som vår forfattar gjennom 2010. Her er eit stort spekter med mange kjære og kjente songar og forteljingar.
"Fiskesprell" er eit nytt og spanande prosjekt som går ut på å lære og vise på kva havet har å by på. Her er mange ulike fiskeslag og kjekke tema å arbeide med borna på, og mange flotte plassar me kan ta turen til. Me gler oss!