
|
Velkommen til Konglo |
![]() |
Konglo er ei avdeling med 24 barn i alderen 0-6 år. Me er glade i å vere ute, og bruker flittig både uteområdet vårt, skogen og nærmiljøet ellers. Me har faste turgrupper der me prøver å gje opplevingar og utfordringar tilpassa det enkelt barn. Enkelte gonger bruker me bilane våre for å komme oss ut på litt lengre turar, me har bl.a. vore på Siggjo og på Brandasundsåta.
For dei som skal begynna på skulen neste år har me 5-årsklubb kvar tysdag og torsdag. 5-årsklubben har base i skogen, og er ute mest uansett vèr.
Kvar måndag har me steg-for-steg samlingar for dei som er fødd i 2007. Dette er eit opplegg for trening i sosial kompetanse.
Barnehagane på Bømlo er, i samarbeid med biblioteket, med på eit prosjekt som heiter Boktras. Dette prosjektet skal stimulera til auka leselyst og gjere bøker lettare tilgjengelege for borna og familiane deira ved at dei kan låne bøker frå barnehagen. På Konglo har me kvar veke boktras-samlingar, men de kan sjølvsagt låne bøker kva dag som helst.
Espira Salamonskogen er miljøsertifiserte, og me har regelmessige miljøsamlingar der me jobbar med søppelsortering/redusering/gjenvinning, energisparing, og korleis me har det i barnehagen - eit godt barnehagemiljø. Kvar veke får 2 av borna vere miljødetektivar og hjelpe til med oppgåver som går på dette.
Me har også eigen kjøkkenhage der me dyrkar våre eigne poteter, gulrøtter, reddikar, neper og jordbær. På avdelingane har me også agurk-, tomat- og paprika-planter som me nyt fruktene frå. Borna er med i alle delar av kjøkkenhage-prosessen, frå såing av frø til omplanting og utplanting, luking, vatning og etter kvart innhausting. På Konglo har me 2 tomatplanter.
