Vestsio er ein avdeling med 20 barn i alderen 0-6 år. Me er ein avdeling med god sans for uteliv, og som tykkjer at nistepakken smakar mykje bedre ute i naturen. Me bruker flittig både uteområdet vårt, skogen og nærmiljøet ellers. Me har faste turgrupper på mandag og torsdag for mellomgruppa og dei store og onsdagen for dei små. Der prøver me å gje opplevingar og utfordringar tilpassa det enkelte barn. Ca to gonger i månaden bruker me bilane våre for å komme oss ut på litt lengre turar. Her er ofte barna med på å bestemme kvar bilturen går. Onsdagane er me i skogen med ilag med Sørsio, der me har ulike aktivitetar enten i form av mat på bål eller postar og leikar.
Ellers fyller me dagane med leik i tårnet, språk og spelegrupper, lesegrupper, sandleik, vannleik, formingsaktivitetar, IKT, lekegrupper o.l
Me har samlingstund kvar dag, der variere me mellom musikksamling, miljøsamling, eventyr/forteljing, titt titt leik, sanseleikar, tall og fargar o.l
For dei som skal begynna på skulen neste år har me 5-årsklubb kvar tysdag og torsdag. 5-årsklubben har base i Skogen og Lyngheio. I år er denne gruppa så stor at me har delt gruppa i to, ei blå og ei grønn gruppe. Me har då delt etter kva skulekrins borna høyrer til. Gruppene vil byte på å ha aktivitetar skogen og gå på tur.
Me er opptekne av å vera tydelige og gode omsorgspersoner.Fokus på det enkelte barn er det aller viktigaste, og i kvardagens mange små og store utfordringar kan mykje løysast med godt humør. Dette trur me smittar over på barna, og gjev dei eit godt utgangspunkt for leik og læring!
Prosjekt gjennom året:
“Vår fleirkulturelle barnehage og øya vår Bømlo”.
Mvh Cecilie, Marita, Bente, Kjersti og Ann Margrethe.