Stubben

Stubben er ein avdeling med 21 born i alderen 0-6 år. 5 vaksne i ulik stillingstorleik er fordelt på desse små.

No er me klar til å ta fatt på nytt år med nytt mot! Etter ein liten avbrekk frå “vanlege” ting i desember, med jul, presangar, kos og det som høyrer til er det no godt å komma inn i normale rutiner att. På avdelinga har me fått to nye gutar inn, me ynskjer dei velkommen hos oss! Me kjem til å fortsetja å jobba litt med Bømlo- prosjektet vårt, men innimellom kjem me og til å jobba med andre ting. Akkurat no ynskjer me å ha mest fokus på sosial kompetanse, litt vinter og det som borna er opptekne av: SKO! Onsdag er fortsatt Kongledag, der me har småbarnstreff, miljø og ei turgruppe i lag med Konglo. 5 årsklubben har siste innspurt no framover mot vår og skulestart. Ei spennande tid i møte for dei!

Ta kontakt dersom de lurar på noko!