Avdelinga har 21 barn. Me har 3 barn på 5-årsklubb, ei stor mellomgruppe med 3-og 4-åringar og 6 eitt og toåringar.
Kvar mandag er me i tårnet i det andre huset med ei gruppa. Der leikar me med puter, har songleikar osv. Me nyttar skogen fast ilagmed Vestsio. Me lagar mat og leikar ilag. Me går og på besøk til uteleikeplassen ved det andre huset. Kvar mandag
går me tur med dei store ilagmed Vestsio og Nordsio. Me går og på turar i grupper, t.d. rundt “Hompetitten” og i marka. Dei minste går på tur kvar torsdag, og på fredagen er dei aller minste på småbarnstreff ilagmed dei andre avdelingane på huset.
Tirsdag og torsdag er det 5-års klubb Fredagen har me av og til felles songsamling for heile barnehagen ved Salamonborga eller i tårnet.
Me har morgonsamling kvar dag, felles eller i grupper etter alder. Det kan vera temasamlingar ut frå månadsplanen, steg for steg ,miljøsamlingar eller song, eventyr, rim og regler. Me har og språkgrupper der me spelar spel, les bøker og har språkleikar.
Me vil at Sørsio skal vera prega av omsorg og tryggleik med barnet og leiken i sentrum.