Nordsio

Nordsio er ein avdeling med 22 barn frå 0 – 6 år.
Dette året har avdelinga ei stor 5-års gruppe (6 barn), ei stor gruppe med 4 åringar (6 barn), ei lita gruppe med 3 åringar (3 barn) og ei stor gruppe med 1-2 åringar (7 barn).

Me har morgonsamling kvar dag, oftast delt i grupper etter alder. Då har me miljøsamling, Steg for steg, songar og forteljingar/eventyr.

Kvar tysdag og torsdag er det 5-års klubb for alle 5-åringane i Espira Salamonskogen, der dei har basen sin i skogen og på Lyngheia.

Mandagar er det fast turdag for dei store, og torsdagar er det fast turdag for dei små. Me nyttar det flotte turområdet rundt barnehagen, og av og til brukar me barnehagen sine bilar for å komma oss litt lengre vekk, prøva litt andre turmål. Eindel av turane blir ilag med andre avdelingar, mest Vestsio og Sørsio.