Lyngen

Lyngen har fått plassen sin nede på det gule huset, hus 2, og er naboavdelinga til Brakjen.
Me har no 22 born i alderen 1-6 år på avdelingen vår.
Me er 5 damer som jobbar på Lyngen i år.

I kvardagen vert borna delt inn i små grupper, bestemt etter alder, slik at alle får oppgåver og utfordringar som er tilpassa deira utvikling. På denne måten har dei voksne stor mulighet til å sjå kvar og ein, noko me legg stor vekt på. I desse gruppene nyttar me også av og til dei nye fagkorta me har fått til inspirasjon og kvalitetssikring av fagområda våre. Desse korta heng i garderoben, slik at dei skal vera synlege og også til nytte dersom foreldre vil lese dei.

Våren 2011 starta me med eit nytt prosjekt som me har kalla, “Bømlo-øya vår”
Her vil me framleis bruke ein del tid på å sjå kor barna på Lyngen bur, plassere ulike kjente stadsnamn, køyra og gå på ulike ekskursjonar for å sjå og oppleva det me har snakka om i barnehagen.