Konglo er ei avdeling med 24 born i aldersgruppa 0-6 år. Me vel å dele barnegruppa etter alder/modning deler av dagen, og driv då med aktivitetar me der prøver å leggje til rette for at kvart enkelt barn skal få oppleve både utfordringar og meistring. Alle skal ha noko å strekkje seg etter – innan trygge rammer.
På Konglo er me glade i å vere ute, og mykje av det me held på med føregår utandørs. Mest kvar dag har me minst ei gruppe på tur. For dei minste kan turen gå til hus 1 og leike på uteområdet deira, gå ”Humpetitten”, eller ned på krøllgrasbanen. For dei større borna har me skog og mark like utafor gjerdet, og sentrum berre ein kort spasertur unna. Vil me endå lengre vekk har me 2 bilar som me nyttar titt og ofte.
For dei som skal byrje på skulen neste haust har me 5-årsklubb to gonger i veka. Her får borna vere med på ting som er ”berre for dei” – det skal vere litt spesielt å vere eldst i barnehagen.
For 3-4 åringane har me eit opplegg for utvikling av sosial kompetanse som heiter ”Steg for steg”. Me ser stadig at borna gjer seg nytte av den kompetansen dei tileignar seg her.
Elles er me opptekne av at alle skal ha det bra i barnehagen, vere trygge og ha nokon å vere saman med. Dei vaksne har som målsetjing at dei kvar dag skal ha sett alle borna, og me ynskjer at både små og store skal gå heim og gle seg til neste dag!