Brakjen

Denne avdelinga har 23 barn i aldersgruppa 0-6 år.

Me deler barnegruppa i to eller tre etter alder og modning. Me har ulike aktivitetar i kvar gruppe, som er tilpassa aldersgruppene.

På Brakjen legger me stor vekt på å vera ute. Me er glad i å gå tur i nærmiljøet. Kvar mandag går me i skogen ilag med ein anna avdeling, der me lagar mat og leikar ilag. Det er kjekt å bli kjende med barn frå andre avdelingar:-)

Me har samlingstund kvar dag. Det varierer frå temasamlingar ut frå månadsplanen, steg for steg, miljøsamlingar, eventyr eller sang.
På torsdagar er me i tårnet og leikar med ei gruppa, i tillegg til at me har spelegrupper/språkgrupper med to til tre barn om gongen.

Våren 2011 startar me med eit nytt prosjekt som me har kalla, “Bømlo-øya vår” og “vår fleirkulturelle barnehage”.

Alle på Brakjen er opptatt av at barna skal få god omsorg, og gode opplevingar gjennom leik og sosialt samspel. Leiken er barnas viktigaste læringsarena.